torsdag 29. oktober 2009

Hansa Juleøl


Nytt produkt frå Hansa. Brunraud farge på ølet. Eit mildere øl enn Hansa Julebrygg. Fin bitterhet, og ein god og avslappande smak. Ettersmaken er ikkje store greier. Litt tamt øl, som nok kjem til å bli nedprioritert av mangen ølhundar.

Alkohol: 4,5%
Pris: 26 kr for 0,5l
Bruksområde: Julabord

onsdag 28. oktober 2009

Hansa Julebrygg


Mitt klare favoritt julaøl frå i fjor. Da skuffer ikkje i år heller. Kraftig øl, men ikkje så kraftig at du går lei. Godkjent skum, og fargen liknar på Coca Cola. Veldig passeleg bitterhet. Ettersmaken er nett som den trenger å vera. Sødmen er nydeleg og treffer deg rett i hjarta. Eit øl eg elsker!

Alkohol: 4,5%
Pris: 28 kr for 0,5 l.
Bruksområde: Lika god til pinnakjøtet som til grandiosaen ein mandags morning.

Julaøl

No har Hansa sine julaøl komen i butikkane. Følg med videre. Eg skal testa alle julaølna fram til jul, slik at du veit kva du skal drikka i jula.

tirsdag 27. oktober 2009

Paulaner Hefe Weisbier


Har drukket den ein gong før. Da var på flyplassen i Frankfurt, og den smakte aldeles nydeleg. No har eg kjøpt den på flaska frå vinmonopolet. Då kan eg ta ein litt meir grunndig analyse.
Ølet er av typen kveiteøl. Ølet har ein lysbrun farge, og har eit flott og høgt skum. Ikkje så mykje bitterhet i ølen. Litt anonym smak, men den er veldig frisk og god. Ettersmaken er lang og sitter lengje. Kanskje mitt favoritt kveiteøl, men da skal seiast at eg kanskje ikkje har prøvd så altfor mongjen kveiteøl.

Pris: 39 kr på vinmonopolet for 0,5l.
Alkohol: 5,5%
Bruksområde: Til fiskemiddagen, eller til kveldskos.

torsdag 22. oktober 2009

Erdinger Weissbier Dunkel


Var vel på tide med ein ny test! Erdinger Weissbier Dunkel er eit tysk kveiteøl. Ølet har ein mørk grumsete farge. Greit skum. Eit fylldigt øl, som ikkje akkurat er eit friskt øl. Smaken er prega av krydder. Ein god og lang ettersmak setter strek på eit godt øl. Konklusjonen er eit flott øl, men da manglar no litt friskhet og bredde etter min meining.

Alkohol: 5,4%
Bruksområde: Til ein god film med konfekten på bordet.

lørdag 17. oktober 2009

Rogan Haalet






Etter førespørsel om å leggja ut bilete av den fantastiske baren som går under navnet Rogan Haalet, legg eg ut nåkre bilete.

HER ER HEIMESIDA

onsdag 14. oktober 2009

Tuborg Classic


Forventningane var ikkje så store. Men det var ikkje så gale faktisk. Frisk og veldig lettdrikkeleg.
Null fylde, og ein ettersmak som ikkje setter store spor igjen etter seg. Ikkje nåke spesielt øl, og eg kjem ikkje til å kjøpa da igjen. Men inntrykket mitt et at det er eit heilt greit kjedelig tamt øl.

Pris: 24 kr for 0,5l
Alkohol: 4,6%
Bruksområde: Tja,

tirsdag 13. oktober 2009

Estrella Daura Gluten Free


Gluteninnholdet er under 6 ppm. Ølet blir rekna som det beste gluten frie ølet. Ølet er fylldigt, og har eit utruleg godt skum. Ein fin bitterhet i ølet, som avsluttast med ein middels kraftig ettersmak som sitter litt. At det er eit gluten fritt øl tenkjer du ikkje over. Da smaker rett og slett som eit vanleg øl.
Lurer du på kva gluten er? Sjå her

Alkhol: 5,4%
Pris: 35 kr på vinmonopolet for 0,33l
Bruksområde: For deg som ikkje er så altfor glad i gluten.

søndag 11. oktober 2009

torsdag 8. oktober 2009

Sol


Sol er eit meksikans øl. Navnet får meg til å tenkja på sumar, da gjer ølet og. Lyst, lettdrikkeleg som passar godt når du trenger å slukka tørsten fortast mogleg. Lite bitterhet, og ein ettersmak som minnar om vatn. Sol er som Corona eit øl som er brygga for varme dager. Ølet er ikkje dårleg, berre svært kjedelig.

Alkohol: 4,5%
Pris: ca 26 kr for 0,33l
Bruksområde: Til varme dagar.

mandag 5. oktober 2009

Ringnes Pilsner


Av ein eller anna merkeleg grunn har eg ikkje testa Ringnes sin pils. Er verkeleg lenge sidan eg drakk den, så eg var spennt før eg opna den. Eit absolutt godkjent øl, men da store ølet er det ikkje. Greit bitterhet, og eit flott skumm. Fylldigt som ein pils skal vera. Ettersmaken er prega av ein sødme som eg ikkje heilt klarer lika. Alt i alt eit greit øl, men langt i frå det beste du kan få av norsk øl.

Pris: 26 kr for 0,5 l
Alkohol: 4,5%
Bruksområde: Kan drikkast i dei fleste situasjonane.

Foto: Johan