søndag 28. februar 2010

Budweiser Budvar





Som tidlegare skrevet er endeleg den orginale Budweiser å kjøpa i Norge. Eg har verkeleg sett fram til å analysera den, og det med god grunn.
Budweiser budvar er ein Tsjekkisk gylldengul pilsner. Skummet er absoutt overkommeleg. Smaken er prega av gode fruktlige anslag, med små hint av honning. Passleg bitterhet og ein ettersmak som sitter som den skal.

Pris: 26 kr for 0,33l på vinmonopolet
Alkohol: 5,0%
Bruksområde: Når du skal drikka pils

onsdag 24. februar 2010

Kronenbourg 1664


Fyrste franske øl eg testar. Ikkje eit øl med særpreg. Godt skum. Litt for lite smak, og ein dårleg kullsyre smak på ølet. Ettersmak har ein lett bitterhet. Alt i alt er det eit kjedeleg øl som nok kan vera eit brukbart alternativ til varme sumardager.

Alkohol: 4,5%
Pris: 6 x 0,25 l flaske koster 105 kr
Bruksområde: Leskedrikk på varme sumardager.

tirsdag 23. februar 2010

Gledelig nyheit


Tjekkiske Budweiser Budvar fås no kjøpt på Vinmonopolet! Ein fantastisk nyheit for oss ølhundar. For 26 kr kan du kjøpa ein 0,33 l, nåke som er ein absolutt akseptabel pris. Analyse av den ekte Budweiser kjem i nær framtid på Ølbloggen.


mandag 22. februar 2010

Zywiec Porter

























Endeleg ny test!
Mørkere farge på ølet kan du ikkje be om. Skummet er aldeles nydeleg. Det fyrste som slår meg er at du nesten ikkje kjenner at ølet har ein alkoholstyrke på 9,5%. Absolutt et positivt signal. Ølet har ein veldig bra smak. Smaken har hint av kaffi og mørk sjokolade. Middels sødme i ølet. Ettersmaken er lang og får meg til å tenka på Mokkasjokolade. Zywiec Porter er eit glimrande alternativ til deg som ynskjer å drikka julaøl heile året. Ølet bør ha ein temperatur på rundt 13 - 15 grader.

Alkohol: 9,5%
Pris: Kan ikkje kjøpast i Norge. Usikker på prisen i Polen.
Bruksområde: Til dessert, spesielt retter med sjokolade. Kan og vera eit flott alternativ når du ikkje har julaøl.

lørdag 20. februar 2010

Øl-krøll

Øl-krøll
Då er det kome ei ny post. Kva tykkjer du?