fredag 4. desember 2009

Julakalender















Luke 4. God Helg!

I Kina får du kjøpt øl på pose!

torsdag 3. desember 2009

Dahls Juleøl Sterk


Mørkebrunt øl. Fyldigt øl med ein flott bitterhet. Litt karamell og fruktlig smak på ølet, som gjer ein god smak. Dahls julaøl er veldig friskt, men det har også ein god og kraftig smak. Skumet var nok ikkje det mest imponerande. Passeleg sødme. Ettersmaken er lang og digg.

Alkohol: 6,5%
Pris: 28 kr for 0,33l på vinmonopolet
Bruksområde: Til julemiddagen.
Bryggeri: E. C. Dahls bryggeri, Trondhjem

Julakalender























Luke 3.

I luke 3 finn du 2 små fakta.
Ca 90% av øl består av vatn. Pilsnerøl innheld mindre kalorier enn både lettmjelk, juice og anna alkoholdrikk. Så nøl ikkje med å velja øl til kvedsmaten.

onsdag 2. desember 2009

Fredrikstad Juleøl


Gjennomsiktlig flaska, nåke som sjeldan plar vera eit god teikn. Meget tamt øl, som ikkje gjer meg julaølassosiasjonar. Lysebrunt øl, som har ein fråverande smak. Da smaker nesten ingenting! Du kjenner ein del til kullsyren. Latterlig julaøl, som ikkje burde vore i salg. Kunne heller vore Sumarølet for neste år.

Alkhol: 4,7%
Pris: 18 kr for 0,33l
Bruksområde: Tøresteslukkar

Heilt klart da svakaste julaølet eg nåken gong har smakt! Eg gler meg ikkje til å prøva sterkøl varianten.

Da er på sleke dager at det er godt og ha ein Grans Julabrygg i kjøleskapet!




Julakalender


























Luke 2.
Trappist-øl er ein av dei få øltypane som har eit lovbeskytta navn. For å kunna smykka seg med betegnelsen Trappist-øl må da vera bryggja i eit av dei seks trappistklostrane, som alle nå befinner seg i Belgia. Trappistøl er overgjæra, svært smaksrikt og har eit alkoholhinnhald på mellon 6 og opp til 11 prosent.

tirsdag 1. desember 2009

Verdens sterkaste øl lansert


Det skotske bryggeriet BrewDog lenserar nå det nya ølet «Tactical Nuclear Penguin», som dei hevdar er verdens sterkaste øl. Alkoholprosenten er på 32%! Ølet vil kosta 30 pund, nåke som tilsvarer ca 280 NOK per flaska.
BrewDog er eit ganske nytt bryggjeri, som held til i Fraserburgh i Aberdeenshire. Det ble starta for eit par år sidan av Martin Dickie og James Watt, som hadde sett seg lei på bleikt industriøl.
BrewDog har også inntatt Norge med eit øl som går under navnet «77 Lager». Den kan du kjøpa på vinmonopolet. Den har ein alkoholprosent på "berre" 4,8%.

Julakalender


Her kjem Ølbloggen sin heilt eigen julakalender. Kvar dag fram til jul vil eg koma med enten eit bilete, spørsmål med premie, morosam eller interessant fakta om øl.

Luke 1:
Visste du at øl mest sannsynleg er den eldste alkoholholdige drikk? Dei fyrste sporene av ølbrygging er over 6000 år gamle, nåke som vil sei at øl faktisk er eldre enn vin.
Eg tar forbehald i at den påstanden kan vera litt feil.

mandag 30. november 2009

Grans Juleøl


Gyllden brunt øl. Heilt greit skum. Friskt øl som er temmeleg lettdrikkeleg. Kunne nok gjerne hatt litt meir fylde. Liker ikkje heilt sødmen, men har smakt mykje verre enn det. Fruktlige anslag i ølet, og ein fin bitterhet. Ettersmaken er søt og ikkje særleg lang, nåke som ikkje heilt fall i smak hos meg. Eit middels øl som ikkje heilt utpeker seg i det store julaøl markedet.

Alkohol: 4,7%
Pris: 18 kr for 0,33 l på Rema 1000
Bruksområde: Julefylla

Julakalender?

Bør eg ha julakalender på Ølbloggen?

søndag 29. november 2009

Borg Juleøl


Har ca 40 julaøl til og testa før jul, så eg må sku opp tempoet litt.
Borg Juleøl er eit veldig godt øl. Skumet er kanon. Fyldig øl, med ein god julaaroma. Passeleg bitterhet, og ein veldig fin sødme. Den har verken for mykje eller for lite sødme. Friskt øl som nok kan nyttast i store kvantum. Ein nydeleg ettersmak som gjer at du får lyst på endo meir øl.






Pris: 19 kr for 0,33l
Alkohol: 4,5%
Bruksområde: Til julemiddagen

Det blei ein knapp 6er.

CB Juleøl


I dag klarte eg og huska posen med julaøl!
CB Juleøl er eit gyldent brunt øl. Fylldigt øl med ein middels bitterhet. Da er nåke med smaken som verkeleg ikkje er godt. Eg samtykkjer med VG sine ølt "eksperter" at ein kan få litt hostesaft -assoiasjoner. Lang ettersmak som ikkje er spesielt behagleg.

Alkohol: 4,5%
Pris: 19 kr for 0,33l
Bruksområde: For deg som er litt glad i hostesaft
Bryggeri: Hansa Borg Bryggerier AS

torsdag 26. november 2009

Hansa Juleøl sterk


Hadde visst ein julaøl på lageret mitt. Veldig mørk farge, og eit bra skum. Aromaen gjer at du kjem i julastemning. God og fremtredane sødme. Lang ettersmak, men den er kanskje litt for søt.









Alkohol: 6,5%
Pris: 28,60 kr for 0,33l på vinmonopolet.
Bruksområde: Juledessert
Bryggeri: Hansa

tirsdag 24. november 2009

Salitos




Eit dørgende kjedelig øl. Da smaker veldig lite. Den smaker som du så vidt kjenner når du tar deg ein god kjeft, er ikkje god heller. Ingen fyllde eller bittehet. Ettersmaken er svært diksre. Skikkeleg dritt øl. Eg er ikkje skuffa, for eg har kvalitets øl frå Hansa i kjøleskapet mitt.

Pris: 26 kr for mykje for 0,33 l på meny
Alkohol: 4,7%
Bruksområde: Ingen
Bryggeri: Salitos Brewing

Eg veit ikkje heilt kva land den kjem i frå. Hjelp meg.

Dagens bilete

søndag 22. november 2009

Julaøl

Har gått på ein smell igjen. Klarte å legga igjen posen med alle julaølna heima hos mor, så det bli nok dårleg med julaøl testing denna veka. Eg beklager på det sterkaste.

fredag 20. november 2009

Grans Julebrygg


Ølet er nydeleg. Den er fyldig, og har eit høgt flott skum. Sødmen er nett som den skal vera. Friskt øl, men samtidigt ein kraftig smak. Ettersmaken er lang og kjempegod. Har gled meg til å prøva den, og da gleder meg at den var så god. Den er faktisk betre enn Hansa Julebrygg som fekk ein 6er. Eg hadde lett drukket ein 6 pack med Grans Julebrygg.

Pris: 19 kr
Alkohol: 4,7%
Bruksområde: Alt som har med øl og jul å gjera.
Bryggeri: Grans Bryggeri

torsdag 19. november 2009

Peroni Nastro Azzurro


Peroni Nastro Azzurro er eit italiensk pilsnerøl. Frisk og lettdrikkeleg. Middels fyllde og ein lav bitterhet. Ettermsaken er nesten fråverande. Konklusjonen er eit heilt greit øl.

Pris: 26,50 kr for 0,33 på vinmonopolet
Bruksområde: Til italiensk fotball på tv
Alkohol: 5,1%
Bryggeri: Bierra Peroni

onsdag 18. november 2009

Mythos (øltest nr 100)


Øltest nr 100 blir den greske ølen Mythos. Kan da bli betre? Ja, det kan det vel.
Mythos er i dag det nest stysta ølmerket i Hellas etter nederlandske Amstel.
Ølet har den "vanlege" pilsner fargen. Flott skum. Bra fyllde, og ein lav bitterhet. Ettersmaken er kort. Veldig leskande og frisk øl. Ikkje eit øl med det store særpreget, men da er absolutt godt! Da når dessverre ikkje heilt opp til 5eren, da det mangler litt særpreget. Føler at eg har drukket svært mykje liknande øl før.

Pris: 26 kr for 0,33l på Meny
Alkohol: 4,7%
Bruksområde: Pilsner drikking
Bryggeri: Mythos Brewery ltd

....


Eg ynskjar meg ein slik til jul!

tirsdag 17. november 2009

Munkholm Alkoholfritt Juleøl






























Då var det over til nåke alkoholfritt. At det er alkoholfritt kjenner du med ein gang. Fargen er gylldenbrun. Temmeleg bra skum. Litt vørter i aromaen. Den smaker diverre altfor lite. Frisk smak, og ein kort ettersamak. Men det er eit deilig og avslappande alkoholfrittøl, som kan vera eit bra alternativ til deg som køyrer i jula.

Pris: usikker
Alkohol: Alkoholfritt
Bruksområde: Til deg som køyrer i jula
Bryggeri: Ringnes

Da får ein 4 grunna at det ikkje er så mangen betre alkoholfrie alternativer.


Neste test blir øltest nr 100!