
Endeleg ny test!
Mørkere farge på ølet kan du ikkje be om. Skummet er aldeles nydeleg. Det fyrste som slår meg er at du nesten ikkje kjenner at ølet har ein alkoholstyrke på 9,5%. Absolutt et positivt signal. Ølet har ein veldig bra smak. Smaken har hint av kaffi og mørk sjokolade. Middels sødme i ølet. Ettersmaken er lang og får meg til å tenka på Mokkasjokolade. Zywiec Porter er eit glimrande alternativ til deg som ynskjer å drikka julaøl heile året. Ølet bør ha ein temperatur på rundt 13 - 15 grader.
Alkohol: 9,5%
Pris: Kan ikkje kjøpast i Norge. Usikker på prisen i Polen.
Bruksområde: Til dessert, spesielt retter med sjokolade. Kan og vera eit flott altern
ativ når du ikkje har julaøl.
14 kommentarer:
Nok ein glimrande test Johan! Trur rett og slett eg må gje porteren ein ny sjanse. Kanskje eg var litt vel krass i døminga sist eg smakte den:)
Er også litt usikker på prisen i Polen, men vil tippe at ei flaske koster kring 6 kroner! Så dette er ein øl også lommeboka kan tole.
Ja, du bør absolutt gje den ein ny sjanse. Husk at dette er ein øl som må nytast visst du vil få ein best mogleg smaksopplevelse. Et gjerne litt mørk sjokolade attåt.
6 kr er jo rett og slett lommerusk.
Forresten, får du den tappa på uteplasser?
Eg såg no at vinmonopolet har teke inn ein ny polsk øl, Grand Imperial Porter. Har du høyrt om den?
Ja. Er nok den detaljen om at det måtte nytast eg ikkje heilt hadde fått med meg sist gong eg prøvde den. Då tok eg berre ein slurk, og nøgde meg med det. Eg veit ikkje om du får den tappa. Har ikkje tenkt over det, men kan godt hende dei har den på kran nokre plassar. Når det gjeld Grand Imperial Porter så er eg ikkje sikker. Har korkje sett eller høyrt den, men den er sikkert i butikkane her nede. Det er så mangen typar øl her at eg har ikkje oversikt over dei. Kan sjå etter den neste gong eg er på butikken. Den skal jo ha "kompleks smak". Lurer på korleis det smaker. Og har du vore over grensa og fått tak i litt russisk øl no då?
Har nok ikkje vore over grensa enda. Men skal til Murmansk ein gong til våren, så det blir nok litt russisk øl. Skal og til Finland om 3 veker. Så eg får nok utvida samlingen litt.
Ok. Ja. Dei bør ha øl i Murmansk, så då ordner det seg jo. Og finland og? Får ta med nokre til hylla og då! Er det noko plass der no, eller lyt me byggja ei ny i påskeferien? Er jo kjekt å ha litt dugnadsarbeid å sjå fram til:) Var forresten inne og såg på brennevinsutvalet frå Polen på vinmonopolet.no. SJUKT! Bols, Sobieski, zubrowka og wyborowa er alle vodkaer som koster mellom 50 og 100 kr her. Heime ligg dei jo på nesten 300 kr jo! Burde ikkje vore mogeleg...
Ja, satser på å få med litt forskjelligt frå både Finland og Russland. Hylla er stappfull. Skviste inn den siste ølen der i dag:) 70 forskjellige øl er no ikkje så gale.
Så du kan sjå fram til dugnadsarbeid i påska! Ja, brennevin er diverre svært dyrt i Norge. Hadde det vore samme prisane som i Polen hadde eg nok hatt ein skikkeleg brennevins samling og:)
Eg trut jaggu meg det er på tide at eg kjem ned til Polen snart på besøk.
70 forskjellige øl? Det står det respekt av! Då blir det ny hylle til påske:) ja, du må berre ta turen til Polen! Då får me ta turen til skomakeren og ta ein tappa zywiec eller to! Hadde vore artig! Korleis er det med å få langhelger eller liknande når du er i militæret? Hadde jo vore artig om du og Roger kunne tatt dåke ei langhelg her nede! Kunne tatt det i siste halvdel av juni eller noko? Då kunne eg vore igjen etter eksamenane, så kunne de kome ned:) Om det passer dårleg så går det an å ta det ein an gong og. Er same for meg igrunn. For ein ølkjennar som deg så må jo Polen vere paradis:) Her er det bra utval til latterlege prisar.
Jepp. Jo, langhelger er ikkje heilt umulig. Har sommerferie 25 juni til 3 juli då. Har og 10 -12 dager fri rundt 17 mai. Så kunne kanskje fått til nåke då. Ellers er det jo også mogleg å søkja perm til ein langhelg eit anna tidspunkt. Men då må eg søkja i god tid før. Eg veit heller ikkje om øltur til Polen er god nok grunn til å få fri. Men kan alltids gje det eit forsøk. Er jo absolutt på tide at Roganhaalet arangerer firmatur for dei tilsette:)
Ok. Eg er framleis usikker på korleis det blir med eksamenar i juni. I fjor var eg heime 13 juni eller noko slikt, så då blir det jo kanskje litt lenge å vente i Polen til ferien. Men det går jo sjølvsagt an at eg reiser heim, og så reiser ned til Polen att når du har ferie. Det går direktefly frå Bergen laurdagar og tirsdagar. Hadde jo gått an å reise ned her 26-29, men det blir vel kanskje litt heise i og med at du har så kort ferie. Haha. Ja. Spørs om dei tykkjer at øltur kvalifiserer til å få perm:) Men eg stemmer i alle fall for firmatur! Det hadde vore artig..!
26-29 hadde no ikkje vore so heise gale for meg eigentleg. Turen ville nok blitt jævlig bra. Men det spørs no om me klarer å overtale Roger? Då har me vel leiligheten din for oss sjølv og?
26-29 hadde no ikkje vore so heise gale for meg eigentleg. Turen ville nok blitt jævlig bra. Men det spørs no om me klarer å overtale Roger? Då har me vel leiligheten din for oss sjølv og?
Ok. Bra:) Då skulle me fått til det. Fly tur-retur koster 1100 den helga. Så er jo litt, men hadde jo vore artig å fått til. Ja, det er nok det som kan bli problemet... Men eg skal ta meg ein alvorsprat med han på skype til helga tenkte eg, så då kan eg prøve å få overtalt han:) Og ja, vil tru me har leil for oss sjølve. Rekner med at dei andre har reist heim til dess.
Oki.
Legg inn en kommentar