
Kjem du frå ein kristen heim der øl er eit tabubelagt ord? Er det sterkaste du har smakt uutvatna saft? Har du gått på kristen internatskule? Er venane dine fulle av fordommar? I så fall er Munkholm ølet for deg!
“Eg drikk berre brus, Jesus er min rus!”
Smaken er det ikkje noko å seie på. Med ein sødme som kan måla seg med Margrete, ein aroma som er på line med Evergood sin kaffi, og ein ettersmak som smaken av ditt første kyss, er Munkholm det perfekte alternativet for deg som skal køyra heim frå fest.
Eg ser deg der du ligg i grøfta
Skal eg kanskje gå bort og deg løfta?
Du er jo berre 14 år!
Du hadde hatt betre av ein kaffitår!
Men du kan framleis vera røff
Brune flasker gjer deg tøff
Kva med å byta etikett?
Det er ganske lett.
Alkoholen gjer deg berre teit
Dessutan blir du feit
Difor tilrår eg alkoholfritt
Du kan få litt av mitt!
Munkholm er eit mannaøl
Om du drikk det er du ikkje eit rævhøl
Pris: ca. 5 kr. (på tilbod)
Alkoholprosent: Inneheld mindre alkohol enn kva eg har blod i avføringa mi.